Geir Christensen har 26.20.2026 ei svært god analyse av verdssituasjonen, den vestlige imperialismen og Noregs rolle i denne. Denne analysa står i skarp motsetning til hans og mitt tidligare parti Raudt, som i dag har som prinsipp å IKKJE analysere verda, men å behandle enkeltkonfliktar isolerte frå kvarandre. Slik kan Ukrainakrigen bli ein einsidig forsvarskamp mot russisk invasjon og auka løyvingar til det NATO-styrte norske militærapparatet bli eit bidrag til «nasjonalt forsvar.» Geir fortener stor ros for artikkelen, som er noko av det klaraste eg har lese i konsentrert form. Han bør lesast av alle, ikkje minst av alle som nokon gong har latt seg forføre av Raudt.
Hva må gjøres – 2026?
Som analyse av verdssituasjonen ser eg likevel to store manglar ved artikkelen. Han nemner ikkje spørsmål om natur, miljø og klima og han nemner ikkje urfolk. Verknaden av europeisk kolonialisme frå slutten av 1400-talet til i dag er ikkje bare millionar av drepte menneske og øydelegging av mange statar og sivilisasjonar, det er og naturrasering i gigantisk format. Liksom dei store skogane i Mellom-Europa tidlig blei raserte, gikk ein no laus på enorme naturområde, der den opprinnelige befolkninga i stor grad hadde levd i pakt med naturen.
Blant dei største er raseringa av skogen og prærien i noverande USA, dei kampen mot naturen og kampen mot urfolket gikk hand i hand, som med utryddinga av bisonflokkane frå millionar til nesten null. Australia er eit anna eksempel. Der europeisk kolonialisme etablerte seg, skjedde det stor utrydding av dyrelivet og livsgrunnlaget for både dyra og menneska som budde der frå før. Natur blei gjort om til jordbruksland, gruver forgifta jordsmonnet og vassdraga. Noreg har vore ein aktiv deltakar, frå koloniseringa av Sápmi til utrydding av dei store kvalane i Antarktis, frå norske settlarar i Amerika til misjonærar i Afrika.
Resultat av kolonisering og imperialisme er at bare ein liten del av landjorda og kystområde i dag er nokolunde intakt natur. Dei fleste grupper av ville dyr er kraftig desimert, det gjeld både pattedyr, fugl, fisk og insekter. Dette har skjedd dels gjennom overbeskatning, rein utrydding, gjennom rasering av livsområde, gjennom industrijordbruk og -skogbruk og gjennom forureining av jord, vatn og luft. Miljøkatastrofene har trulig tatt livet av minst like mange menneske som krigane, det er bare enno vanskeligare å måle sikkert. Samtidig har miljøkatastrofer og krigar forsterka kvarandre.
Krig har bidratt og bidrar til miljøøydeleggingar på fleire måtar. Ofte har det vore ein del av krigen å øydelegge fienden sitt livsgrunnlag. Under krigshandlinger blir oljeinstallasjonar bomba og krigane i Midt-Austen har ført til omfattande forureining og klimautslepp. Produksjonen av våpen gir ei stor miljøbelastning, anten dei blir brukte eller ikkje, gjennom skadeverknadane av gruver etter nikkel, molybden og uran m.m.m. Når stemninga for opprustning og krig blir hausa opp, blir det ingen plass igjen for nødvendige miljøtiltak og miljøomsyn.
Frå den industrielle revolusjonen har forbrenning av fossile brennstoff gitt eit tillegg til miljøkatastrofene, med å bidra til global oppvarming. Dette blei forsterka av ei samtidig utrydding av naturlig planteliv.
Naturøydeleggingane har blitt møtt med motstand frå lokale, nasjonale og internasjonale miljørørsler. Vi har også, særlig i Europa, fått ei rekke politiske parti som kallar seg miljøparti, det vil i prinsippet seie at dei skal sette natur, miljø og klima foran andre politiske mål som økonomisk vekst og militær opprustning. Men det gjør dessverre ingen av dei såkalte miljøpartia, i alle fall ikkje i Noreg. Det mest markerte miljøpartiet, Miljøpartiet De Grønne, er samtidig ivrige tilhengarar av NATO, militær opprustning og EU.
Ingen av partia SV, Raudt og Venstre vil snakke om miljøverknaden av den gigantiske opprustninga som no pågår, og som dei støttar heilt. Desse partia har stor innverknad innafor miljøorganisasjonar, og bidrar til at desse heller ikkje vil eller tør å snakke om krig og opprustning som eit miljøtrugsmål. I Naturvernforbundet blei det på landsmøtet i 2023 reist forslag til programmet om å nemne krig og opprustning som miljøtrugsmål og gå inn for fred og nedrustning. Da forslaget kom opp til avrøysting var nedrustninga borte. Sjølv der aksepterer ein altså Stoltenbergs parole om våpen som vegen til fred.
Den vestlige imperialismen er ein kapitalistisk imperialisme, leia av store kapitalistiske konsern og deira allierte politikarar. Blant dei står produsentane av olje, gass og kol sterkt og har sørga for å hindre effektive klimatiltak. Samtidig har ei fløy av kapitalen hoppa på og overtatt «det grøne skiftet», som no i første rekke ikkje er eit klimatiltak, men ein sjanse for lønsame investeringar. Falske klimatiltak som vindkraft og elbilar har no blitt eit av dei største trugsmåla mot naturen, både i Noreg og mange andre land. Med støtte frå miljøpartia SV, MDG og (noko meir skjult) partileiinga i Raudt, av Bellona, Zero og store delar av Natur og Ungdom og Naturvernforbundet (derav nylig avgåtte og fungerande leiar).
Alle «miljøpartia» på Stortinget er i dag krigsparti. Da kan dei ikkje samtidig vere miljøparti, da krig og opprustning er eit av dei største trugsmåla mot miljøet.
Alternativet til krigspolitikken finst ikkje på Stortinget. I den grad der finst andre tankar enn krigshissing, er dei kua under partipisken og synest ikkje i det offentlige rom. Utafor Stortinget finst det rørsler som Fred og Rettferd og Antikrigsinitiativet, men heller ikkje der ser eg noko analyse av miljøpolitikken i samanheng med krig og fred. Slik sett er innlegget til FORs sentralstyremedlem Geir Christiansen symptomatisk. Også på nettstadar som steigan.no synest miljøspørsmål på eine sida og krig og imperialisme på andre sida å bli behandla som to saker utan samanheng.
No skal eg ikkje sjå bort frå at eg kan ha oversett noko, og i såfall vil eg sette pris på å bli korrigert.
Svein Lund
Guovdageaidnu
steigan.no har ca. 2040 artikler under temaet miljø.
Og ca. 10.090 artikler under temaet krig og fred.
Les: